tirsdag 13. oktober 2009

Kvinneweekend

I helga var eg på kvinneweekend i Cochabamba. Reiste fredag formiddag frå Sucre med fly via La Paz og til Cochabamba. Eg var veldig spent på og sjå Cochabamba for fyrste gong, då det er her me skal bu dei neste åra. Må innrømma at fyrste inntrykket var veldig bra, og eg gler meg til å flytta dit.

På flyplassen i Cochabamba kom Marit (Andersen) og henta meg. Ho hadde reist til Cochabamba på onsdagen. Vi reiste inn til gjesteleiligheten i byen og deretter gikk vi til hovedkontoret misjonen har i Bolivia. På den samme tomta ligg og skulen som ungane skal gå på når me flyttar ned til Cbba. Virkar veldig bra, og har eit mykje større uteområdet en den skulen de nå går på i Sucre. Måtte også innom biblioteket og låna nokre norske bøker bl.a Hallesby, Wisløff og Grandhagen. Stødigt skal det ver :-)

Etterpå gjekk me til sentrum kor me fekk tak i ein sovepose til leiren me sko på. I tillegg fekk eg sjå litt av canchaen i Cbba. Et utruligt stort marked kor du får tak i alt trur eg. Me gjekk og gjekk følte eg, men allikevel hadde me bare sett ein brøkdel av markedet.

På lørdags morgon møtte me opp utanfor kyrkja i Cbba, kor det gjekk ein buss til leiren me skulle på. Vil tru bussen var eldre en 30 år, men den fungerte. I bussen fekk eg for fyrste gong helsa på damene frå Cbba som går i dei tre forskjellige kyrkjene misjonene har her. Fantastisk gjeng, og i tillegg kom det nokre damer frå kyrkja i Santa Cruz. Kjenner det er frykteleg frustrerande når eg ikkje kan snakka med dei. Har så lyst å bli kjent med dei, men eg må nok smøra meg med tålmod ei stund til. Alt eg kan er høflighetsfraser, og det er så vidt eg beherskar dei og... Litt dumt når eg veit at eg kan ha vore veldig uhøfleg utan å vite om det...

Då me kom fram så var det å finna rommet. Eg var litt nervøs for å havna med bare Bolivianarar, då eg ikkje beherska språket, men eg fekk alliert meg med Marit, så det gjekk veldig bra. Vi låg på 12 manns rom. 6 køysenger tett i tett og det gjekk veldig fint :-)

På formiddagen hadde Marit tale. Ho tala om at overfor Gud så er alle av lik verdi. Mange av damene i salen har kanskje høyrt frå dei var små at broren var meir verd, og etter dei gifta seg så har dei alltid trudd at mannen var meir verd. Mange av dei har utruleg lågt sjølvbilde, og kjenner seg veldig små. Temaet for helga var "Perlas preciosas" (Verdifulle perler) Trur det var eit veldig viktig tema. Dei fekk også ein del tilbakemeldinger på at det var det.

Etter det så var det leiker resten av dagen. Bolivianarane elskar og leike. Alle var med, frå dei eldste (ca 65-70)til dei yngste. Vi hadde landhockey, kor vi bruka puter som hockeykøller, vi hadde landhockey med vaskekoster som køller og ballong som ball. Me måtte skyte en liten ball mot mål etter at me hadde snurra oss rundt 10 ganger, me hadde ein slags volleyball med vannballonger og håndkle og avslutta med ein form for basket. Utrulig morsomt!!

På Søndagen fekk me besøk av pastoren i Jesus Maestro kyrkja, og han snakka om tjenester i Kyrkja. Satt og såg rundt meg og oppdaga at halve salen satt og sov. Damene har ein utrulig travel kvardag, så det er kanskje ikkje så merkeleg..

Me fekk veldig god mat på leiren, men me måtte ha med oss eigen tallerken, kopp og skei. Etterpå måtte me vaske opp (i kaldt vann) tallerkene og koppene i en balje som sto utenfor. En balje for tallerken og skei, og en for koppene. Eg må nok innrømme at eg åt litt fort slik at eg kom raskt ut til baljene for å vaske tallerkenen min.. vatnet var ikkje akkurat reint for dei siste som kom.. Men eg trur det fungerte fint, så slapp noen få av damene å bruke mye tid på oppvask når alle tok kvar sin...

Søndagen ble avsluttet med ein fest, der me kom til duk kledde bord og fine blomster. Når vi kom inn fekk alle utlevert eit kort. Det viste seg at på alle korta stod det eit nummer, og den som hadde det same nummeret som du, skulle du snakke med i 3 min. Eg hadde det same nummeret som ei som heite Lilian. Veit ikkje kor gammal ho var, men trur ho var på 20 talet ein plass. Etter på skulle me presentere kvarandre for dei andre damene. Kjente eg begynte og kaldsvette når dei sa det, men det var bare å hoppe i det. Trur eg klarte å presentere henne uten dei store brølerane gramatisk sett. Eg sa kva ho heite og kor hu budde og at ho hadde ei datter som heite Annelen. Var glad når det var over, men nå har eg altså snakket spansk offentlig for fyrste gong.. framskritt det og :-)



"Men Gud som er rik på miskunn, har, på grunn av sin store kjærlighet som han elsket oss med, gjort oss levende med Kristus, vi som var døde ved våre overtredelser. Av nåde er dere frelst."

5 kommentarer:

  1. Hallo! Det er utrolig kjekt å lese om livet dåkkas i Bolivia. Me følle spent med dåkke.
    Anne Marie og Olav

    SvarSlett
  2. Halloen...
    Så koselig å høre om kvinneweekenden. Du er så tøff...hopper i det meste forstår jeg.
    Ha en fin uke videre.'Gleder meg til neste oppdatering fra dere.
    Snakkes på facebook.
    Knib Annette

    SvarSlett
  3. Fytti så spennande Kathrine!!! Æg ser du går på vatn heila tiå hær ja!!
    Your never walk alone!
    Knib frå grete

    SvarSlett
  4. Fantastisk kjekt å lese!

    Salme 32,8

    SvarSlett
  5. De e så jilt å lesa på bloggen dokkas:) De e stort de dokke får varme på:) og me heima har og ei stor oppgave me å be for dokke:)
    Ingunn

    SvarSlett