Me hadde nokre dagar, to svograr, Preben (ettåring), Elsa (lærer) og meg i San Lorenzo. Dei dagane kjem eg nok ikkje til å gløyma med det første. Her er bilde av båtane som tok oss over Bolivias breiaste elv.
Glad gut. Me sat bakpå ein pick-up i 20 mil frå Trinidad, via San Ignacio til San Lorenzo. Smurte oss inn med solfaktor 50. Den trakk godt til seg av støvet frå veien. Fekk kjapt brunfarge på den måten. Forøvrig meiner tannlegen eg bør bleika tennene. Eg skal ta med meg dette biletet og spørre han om forslaget fortsatt står ved lag. Ellers fungerte den innkjøpte mygghatten godt som solhatt.
Utruleg fin natur når vi mot kvelden nærma oss San Lorenzo. Dette er eit heilt anna Bolivia enn det som vi er vant med i Andesfjella.
Første natta begynte det å regna. Dette er om morgonen og vi var litt lange i maska. Ikkje godt å ta ut på ridetur i dette veret. Men som dei lokale sa; midt på dagen vil det slutta å regna, og det gjorde det.
Dermed var det berre å sala opp og dra ut på ridetur. Første gong fleire av oss ridde. Men hestane var kjekke dei. Ikkje heiv dei oss av heller når vi heiv dei i galoppen. Her er vi forøvrig på vei inn for å sjå litt på apekattar. Forøvrig var det mykje mygg.
På kvelden var det krokodilletur. Alle lysprikkane som de ser er krokodilleauger. Det var ein del. Båten me brukte var sånn uthola tømmerstokk. Eg hadde meir enn kvilepuls. Ubeskriveleg oppleving. Dagen etter var det krokodille på menyen.
Siste dagen benytta me til ridetur. Denne luringen låg i ein liten pytt ved sidan av der vi ridde. Me var også heldige med veret. Normal utruleg varmt og fuktig på denne tida i San Lorenzo. Hadde hatt over 40 grader før vi kom. Denne dagen hadde vi kanskje godt 30, og ein fantastisk ridetur.
Elsa, meg, onkel Thor Eirik og en god turkamerat som levde av å ri rundt i området for å se etter kveg. Forøvrig enorme kvegflokker i dette området. Han som vi besøkte drifta totalt 6000 kveg.
Varmt og fuktig klima og eit enormt dyreliv
Det var veldig grønt og fint der vi var. Mykje hus hadde trevegger og stråtak.
Terminalbygningen i San Lorenzo. Vart bygd i 2002. Flyplassen hadde ikkje internasjonale flyginger, og hadde difor ikkje taxfree. Me måtte kjøpa deodoranten til vanleg pris når meg kom tilbake til Cochabamba. Litt kjipt, men sånn var det.
Her kjem flyet og hentar oss. Det tok oss til Trinidad i Beni fylke. Derfrå tok vi eit lite rutefly til Cochabamba
Her frå den 20 mil kjekke bilturen me hadde. Han som køyrde meinte på at det gjekk 10 bolivianarar bakpå pick-upen. Eg tykte det var drøyt, og sa det til han. Då han såg korleis me sat var han enig.
Som sagt. Mykje kveg i dei område. Her på vei til San Lorenzo, mens vegen endå var god.
Hvis du tykte det såg gildt ut, så kan du ganga det med 10:-)
Fantastisk! Det såg kanonkjekt ut. Strålende at dere tar slike turer. Det vil dere aldri angre. Hils familien og Guds fred!
SvarSlettJørn
De såg kjekt ud :) kjekt me bilde :)
SvarSlettSteinbra Alfen. Enig med tannlegen: bleik tennene :-)
SvarSlettHelsing Svein Inge
Fint bilde av pablo alf:)
SvarSlett